Velkomen!
Dette er Stord Hestesportlag, Sunnhordland Travlag og Stord Hestesportsenter si heimeside. Her vil det ligge oppdatert informasjon om aktivitetar i klubbane. OBS! Me held på å lage ny heimeside. Den finn du her: www.stordhestesportlag.no Stord Hestesportlag har og ei gruppe på facebook som er aktivt i bruk. E-postadressa vår er: [email protected] Rideklubben er tilknytt grasrotandelen gjennom norsk tipping. Registrerar du oss som mottakar får me 5% av alt du tippar for rett i klubbkassen:) Send SMS: GRASROTANDELEN 911654628 til 2020 (tjenesta er gratis) Det vert ekstraordinært årsmøte i Stord Hestesportlag 15.06. 16. kl. 1900 på Stord Hestesportsenter. Sjå innkalling her. Etter møtet vert det medlemsmøte. Håpar flest mogleg kan komme:)
Juleshowet 2015- Frozen vart ein stor suksess:) Det var 450 betalande publikum, og alt gjekk veldig fint. Tusen takk til alle som bidrog! Her kan de lesa omtale frå Stordnytt. Me arrangerar distrikstevne i sprang helga 5. og 6. mars. Det vert open kafè med mykje godt:) Ta med familien og kom og sjå.
KLUBBJAKKAR: Me har fått tilbod på ytterjakkar og fleecejakkar frå MX sport. Ta kontakt med Christine eller Eva Kjærland for å sjå og evt. bestille. Frist: 30.11. KLUBBSTEVNE 5. og 6. 12 arrangerar me klubbstevne i sprang og dressur. Lørdag vert det dressur og søndag sprang. Meld dykk på til Camilla Dahl Kyvik. Nytt i veke 41: Helga 14.15.11 kjem Ove Natland tilbake. Han instruerar i dressur, sprang og køyring. Påmelding til Liv Marit Sjo Helga 11.-13.12 kjem Anita Sande tilbake og har sprangtrening. Påmelding til [email protected] 17.10. arrangerar me distriktstevne i dressur. Det vert open kiosk med varm og kald mat. Velkommen:) Helga 13. og 14. juni arrangerar me distriktstevne i sprang med Stord cup. Det vert og eigne klubbklassar begge dagane for Stord hestesportlag sine medlemmer. Me har open kiosk heile tida under stevnet, og Besthest- hestebutikk frå Fitjar kjem og har stand. Alle er hjartleg velkomne:) http://www.horsepro.no/index.php?r=show/event/event&eventId=10552 Nyhende veke 22: Me arrangerar "Open Stall" onsdag frå kl. 1700-1900. Sjå annonse lenger oppe på sida. Programmet er slik: Barneriding, hesteskokasting og stell av ponni frå kl. 17-18. Kjøreoppvisningar og sprangstafett frå kl. 18-19. Sjå plakat i stallen over kvar alt foregår. Alle er hjartleg velkomne! Til alle som ferdast med hest: Vær snill og fjern hesteskit etter dykk! Gå av hesten og spark det ut i grøfta. Det er veldig viktig at me gjer dette slik at me ikkje risikerar å få forbud mot å bruke vegane i nærmiljøet. Dette gjeld oss alle, og me oppfordrar alle om å ta ansvar. Til alle oppstallørar som nyttar beitet over E-39: Atle administrerar dette, så om du vil ha hesten der må du kontakte han. Nyhende veke 20: 17. mai stiller me i borgartoget med nylaga fane! Me har fått lov å ta med oss Gandalf (shetlandsponni). Me tek elles med trillebårer og greip mm. Me håpar flest mulig vil vera med å gå i tog, og det er veldig kjekt om nokon vil gå i stevneklær:) Nyhende veke 17: Denne helga arrangerer me klubbstevne i dressur og sprang. Det vert riding av dressurprogram på laurdag frå klokka 1100 og sprangstevne frå klokka 1100 søndag.Påmelding til Camilla eller Christine, eller send ein epost til [email protected]
Det vert kiosk med varm og kald mat begge dagar:) VELKOMMEN TIL EI KJEKK HELG PÅ HESTESPORTSENTERET |
|
Nyhende veke 16:
Oppstart av nye ridekurs i veke 18. Det er nokre ledige plassar.
Har du lyst å gå på kurs sender du ein mail til [email protected]
Rideskulen følgjer skuleruta og tek fri i veke 14 og mandag i veke 15.
Nyhende veke 13:
Ove Natland kjem tilbake og har treningshelg for oss helga 11.-12.04. Ove Natland er lærar på hestelinja på Stend, dommar, trenar og banebygger. Han underviser både i sprang, dressur og kjøring og har lang erfaring. Påmelding til Liv Marit Sjo.
Minnar om betaling av medlemsavgifta for 2015. Sjå under fana Stord Hestesportlag, bli medlem, for meir informasjon.
Nyhende veke 9:
Rideskulen er i full gang igjen etter vinterferien og me gledar oss til å sjå alle elevane att.
Onsdag 04.03. er det sprangtrening med Ina Wasmuth frå kl 17-20.Her vil oppstallørar og tilreisande trene sprang og dette er kjekt også for publikum som gjerne vil ta turen.
Stemnet 08.03 15 i regi av Faxi er avlyst og hallen er difor ledig i helga.
Nyhende veke 8:
Det er laga nytt opplegg for grønt kort frå 2015. Last ned presentasjonen her
Nyhende veke 7:
Det vert årsmøte i Stord Hestesportlag, 12.03.15, kl. 2000 på Stord Hestesportsenter. Last ned invitasjonen her
Nyhende veke 6:
Stord hesteportlag har fått ny epostadresse: [email protected] og
rideskulen har fått si eiga epostadresse: [email protected]
Til alle som ventar på mail: sjekk søppelposten, det kan vera mailen har hamna der.
Nyhende veke 5:
Anita Sande kan komma til Stord og ha trening siste helga i mai: 29.-31.05. Ho kan ha timar fredag, lørdag og søndag. Me organiserar med tre personar på kvar time, og då kostar det 510 pr person pr økt. Send mail til meg for påmelding. [email protected]
Nyhende veke 4:
Det ligg ny plan over faste vekeaktivitetar for våren 2015 under fana Stord Hestesportsenter.
Hordaland Rytterkrets arrangerar kurs for grønt-kort kurshaldarar 3. mars. Invitasjon og informasjon : Les meir her
Nyhende veke 3:
No er det på tide å fornye medlemskapet, og treningsavgifta for dei som brukar anlegget men ikkje står der. Gå inn på fana "Stord Hestesportlag" for meir informasjon.
Dersom du legg oss til som grasrotmottakar gjennom norsk tipping får me 5% av det du tippar for:)
Me arrangerar distriktsstevne i sprang helga 13. og 14. februar. Husk å ordne med rytter- og hestelisens i god tid. Det vert og ein klubbklasse der medlemmar utan grønt kort og kan starte:)
Nyhende veke 1:
Stord Rideklubb har pr. 01.01.2015 endra namn til Stord hestesportlag.
Helga 3. og 4. januar har islandshestklubben Faxi leigt hallen for å ha trening. Hallen vert difor oppteken store deler av dagen (ca. 5 timar) både lørdag og søndag. Søndag er dei ferdige ca. kl. 1600. Timeplan kjem.
Nyhende veke 50
Rideskulen følgjer skuleruta, og tek difor to veker juleferie. Me ynskjer god jul til alle og velkommen tilbake etter nyttår.
Det vert eit flott juleshow for heile familien, søndag 21.12. Kl 1700. Billettar vert selde ved inngongen. For meir informasjon:
Klikk her
Hallen vert oppteken frå 2000-2100 tirsdag 02.12. på grunn av øving til Juleshow.
Nyhende veke 46
Helga 15. og 16. nov arrangerar me distriktstevne i sprang. Sjå stevneinvitasjon på Horsepro.
Nyhende veke 45
Laurdag 08.11. vert det klubbstevne i sprang. (Ein treng ikkje ha grønt kort for å starta på klubbstevne)
Nyhende veke 44:
Søndag 02.11. frå klokka 1300 vert det eit arrangement av Falturiltu på Stord Hestesportsenter. Forfattaren Lene Kaaberbøl skal snakke om og lese frå triologien sin om "Sølvhesten", og me skal ha kafe og barneridning. De kan kjøpe billettar på Kulturhuset eller ved inngongen. Inkludert i billettprisen er det saft/kaffi og bolle + litt ridning etterpå for borna.
obs. Begge ridebanane vert stengt frå klokka 1200 til arrangementet er ferdig.
Sprangtrening med Geir Aksnessæther .
Geien kan komme og ha trening 29-30 november på hestesportsenteret. Pris 350,- pr time for de som har betalt anleggsleie. Betales til konto 1503.42.97271 innen 27. nov. Påmelding til Eirill ved pm innen 25 nov, gjelder også evt. eksterne som vil være med.
Nyhende veke 41
Invitasjon til ekstraordinært årsmøte (angåande namneendring og logo) og medlemsmøte.
Det vert helgetrening (sprang) med Geir Aksnessæter i helga som kjem. Påmelding til Eirill Hatlevik.
Melding til alle som går i rideskulen:
Alle som går på ridekurs må melda seg inn i Stord ride- og køyreklubb. Faktura for innbetaling av medlemskap og kurs finn du under fana "Rideskulen" Obs. Rideskulen fylgjer skuleruta og tek difor ei veke ferie i veke 41.
Nyhende veke 40:
På grunn av høgt aktivitetsnivå i banane, og tryggleik, har me sett opp faste tider der det kan køyrast i inne- og utebanen. Planen ligg under fana "Stord hestesportsenter - "aktivitetsplan".
Me startar opp att med dugnad denne veka. Snekkeren har laga ferdig rammeverket til halve tribunen, og me kan begynne å legge golvet. Dugnaden vert organisert i lag denne gong. Det vert hengt opp lister som ein skriv seg på i stallen.
Nyhende veke 36:
Me arrangerar distriktstevne i sprang helga 13. og 14. september. Velkomen!
Arbeidsliste til stevnet finn du her
Har du lyst til å hjelpe til med noko er du hjartleg velkomen:)
Nyhende veke 35:
Grønt kort kurs
OBS. Kursdeltakarar under 13 år må ha med ein vaksen.
Me arrangerar grønt kort kurs på Stord fredag 05.09. og lørdag 06.09.14
Me startar med KR1 kurs (reglementskurs) 4 timar på fredag, frå klokka 1700-2100. (maks 30 stk)
Lørdag vert det 4 timar sikkerhetskurs frå klokka 0900-1300 (maks 30 stk) og rideprøve frå klokka 1400 og ut dagen. (maks 12 stk)
Det vert enkel servering både fredag og lørdag.
Påmelding til Ena: [email protected]
skriv namnet ditt, alder og adresse, kva klubb du er medlem av, og kva del /deler du melder deg på. Prisen vert kr 200,- pr del evt. 500 for alle delane tilsaman og inkluderar (for våre medlemmer) boka "Veien til Grønt kort i ryttersporten". For andre kursdeltakarar kostar boka kr 200. Kurset vert halde i lokala til Sunnhordland Trafikkopplæring på Leirvik, og rideprøven på Stord Hestesportsenter.
Velkomen:)
Til alle aktive heste ungdommer i Stord Ride og Køyreklubb. Les her:
Norges idrettsforbund søker etter engasjerte ungdommer som ønsker å bidra under Ungdoms-OL i Lillehammer 2016. Hordaland Idrettskrets er invitert til å sende tre ungdommer i alderen 15-19 år. Det er i utgangspunktet ment som et tilbud til de som ikke har deltatt på lederkurs for ungdom, men det er ikke utelukket..
Kostnadene for å sende de tre deltakerne ivaretas av NIF, YOG (Ungdoms-OL) og Hordaland idrettskrets.
Ønsker du å delta? Les meir på nettsida, link under, og på invitasjonen på nettsida. Løs oppgaven på side 2 i Invitasjonen, send den inn til styret i Rideklubben ved undertegnede så vil styret nominere inn deltakere til Idrettskretsen:-)
Les mer på http://www.idrett.no/krets/hordaland/nyhetsarkiv/Sider/Vil-du-bli-en-av-de-første-unge-OL-lederne.aspx.
Vedrørande riding i helsesportløypa:
Me kan nytta løypa til og frå Ådlandsskogen, men må vera forsiktige, og visa betydeleg omsyn til andre i løypa. All hesteskit skal fjernast. Når me ferdast der skal det vere i skritt, og på grusen. Ungdomane som går på rulleski har faste treningstider tirsdagar og torsdagar frå kl. 1800, og når det er faste treningar og arrangement må me ikkje ri der. Helga 29. -30.08 skal det vere renn, og me kan difor ikkje gå der med hest i denne perioden. Det vert sett opp sperreband.
Me håpar at alle vil fylgja desse retningslinjene slik at me kan ferdast trygt både til hest og fots i helsesportløypa:)
Det vert ekstraordinært årsmøte i Stord Rideklubb 01.09.2014. Sjå invitasjon og sakliste her
Rideklubben har tilsett Anne Marte Sævareid frå Haugesund som rideskuleansvarleg. Les meir om Anne Marte under fana "Rideskulen"
Til alle som har meldt seg på ridekurs og ikkj fått tilbakemelding - det betyr at me
dessverre ikkj har fått plass til dykk på ridekursa som startar no i august.
Me beklagar dette. Det har vore veldig stor pågang, mykje meir enn forventa, og
me har dessverre ikkje klart å tilby alle plass.
Dersom de ønsker å stå på venteliste - send ein ny mail med navn på personen som ønsker å ri, alder, telefonnr til foresatt og kva dag som passer best. Me har ridekurs mandagar,
tirsdagar og torsdagar. Me satsar på å starte nye kurs medio oktober.
Aktivitetsplan for hausten er under arbeid og blir oppdatert etterkvart. Du finn den under fana "Stord Hestesportsenter"
Anita Sande kjem tilbake og vil ha trening med oss helga 8.-9.-og 10. august. Bindande påmelding til Hilde V. Moe tlf 48067850.
Me arrangerar grønt kort kurs i august - etter skulestart. Sjå meir om grønt kort her http://www.rytter.no/KlubbKrets/Gr%C3%B8ntkort.aspx
Nærare dato kjem. Påmelding til Ena på tlf. 97585153. Marianne Hansen Heggøy held kurset.
Dette er siste veka for rideskulen før me tek sommarferie. Me startar opp att ved skulestart. Send mail til [email protected] for påmelding. Nye og "gamle" elevar er hjartleg velkomne!
Meir informasjon kjem i veke 33.
Helga 13.-15.06.14 hadde me treningshelg med Anita Sande. Det var ei kjempekjekk og veldig lærerik helg. Me gleder oss stort til ho kjem tilbake.
Helga 31.05-01.06 arrangerar me distriktstevne i sprang.
Påmelding innan 27.05.2014. Sjå invitasjon på horsepro her.
Horze stiller med hestebutikk, det vert kiosksal og mykje kjekt å sjå.
Me treng folk til banemannskap, kiosk, kakebaking, parkering og anna. Ta kontakt med Camilla eller Ena om du kan hjelpe til med noko:)
Torsdag 01.mai vert det dugnad frå klokka 1100-1700. Me skal klargjere til stevne, male hinder og rydde. Me håpar flest mogleg har mulighet til å stille. Det vert grilling midt på dagen. Velkomen:)
Helga 03.-04.05. arrangerar me utvida klubbstevne i sprang. Begge banane vert difor opptekne frå kl 0900 til ut på ettermiddagen. (Alle som kan hjelpe til under stevnet kan melda seg til Ena på tlf. 97585153.)
Stevnet startar opp klokka 1000 begge dagar. Det vert kiosksal, og Ina Tufteland stiller med hestebutikk. Alle er hjartleg velkomne!
Obs. Rideskulen følgjer skuleruta. Oppstart etter påske vert tirsdag 22.04. God påske:)
Liste over tider for dressurtimer 14.04.14 finn du her
Her finn du referat frå fellesmøtet 10.04.14
DUGNAD veke 18: Torsdag 11-17
Laushopping
Lørdag 22 mars arrangerar klubben sine ungdomsrepresentantar laushopping, etterfulgt av sosialt hygge for ungdommen i klubben. Ein er velkomen både med og utan hest.
Pris:
Laushopping+sosialkveld: 60 kr
Sosialkveld: 40 kr
Laushopping: 30 kr
Det blir og salg av kaker.
Betaling kontant ved oppmøte før hopping/sosial kveld.
Pengene går til ungdomskontoen til Stord ride- og køyreklubb.
Påmelding innan torsdag 20.03.14 til Bente Amdal på facebook eller på telefon : 99410036
Lørdag 22 mars arrangerar klubben sine ungdomsrepresentantar laushopping, etterfulgt av sosialt hygge for ungdommen i klubben. Ein er velkomen både med og utan hest.
Pris:
Laushopping+sosialkveld: 60 kr
Sosialkveld: 40 kr
Laushopping: 30 kr
Det blir og salg av kaker.
Betaling kontant ved oppmøte før hopping/sosial kveld.
Pengene går til ungdomskontoen til Stord ride- og køyreklubb.
Påmelding innan torsdag 20.03.14 til Bente Amdal på facebook eller på telefon : 99410036
HAR DU LYST TIL Å LÆRA Å RI?
Me planlegg oppstart av rideskule på det nye senteret vårt i mars 2014. Her vil me tilby eit utval av ridekurs, både for nybegynnarar og vidarekomne. Me vil fokusera på grunnleggande rideopplæring, men og handtering av hesten og utstyret ein bruker når ein rir. På denne måten får elevane og innsikt i hestehold ved sidan av ridinga.
Rideskulen vil gå på ettermiddagen, mandagar, tirsdagar og torsdagar.
Ta kontakt for meir informasjon og påmelding.
Me planlegg oppstart av rideskule på det nye senteret vårt i mars 2014. Her vil me tilby eit utval av ridekurs, både for nybegynnarar og vidarekomne. Me vil fokusera på grunnleggande rideopplæring, men og handtering av hesten og utstyret ein bruker når ein rir. På denne måten får elevane og innsikt i hestehold ved sidan av ridinga.
Rideskulen vil gå på ettermiddagen, mandagar, tirsdagar og torsdagar.
Ta kontakt for meir informasjon og påmelding.
Me arrangerer dressur-treningshelg 15. og 16. februar med Liv Korssjøen Hiberg. Det vert 30 min riding på enkelttime begge dagar, samt to timar teori begge dagar. Sjå meir informasjon om kurset og påmelding her
Frå 03.02. er det faste dressurtreningar med Jorun Birkeland frå Haugesund kvar mandag. Ein kan ri åleine eller to og to. Påmelding til Siren for 10 gongar om gongen.
Det vert og faste sprangtreningar med Isabelle Gjerstad frå Moldegård onsdagar. Påmelding til Siren.
Frå 03.02. er det faste dressurtreningar med Jorun Birkeland frå Haugesund kvar mandag. Ein kan ri åleine eller to og to. Påmelding til Siren for 10 gongar om gongen.
Det vert og faste sprangtreningar med Isabelle Gjerstad frå Moldegård onsdagar. Påmelding til Siren.
06.01.14
Rideklubben ynskjer å ha nokre hestar på fòr, så ta kontakt om du har ein kjekk hest eller ponny du vil setja ut.
Me ynskjer å bruka desse hestane i rideskulen tre dagar i veka, og at nokon skal ha dei på fòr dei andre dagane.
Dersom nokon av dykk som skal ha hesten dykkar på senteret er interessert i å låne vekk hesten til rideskulebruk nokre dagar i veka, vil rideklubben betale alle kostnader for oppstalling og fòr desse dagane.
Ta kontakt med Siren om noko av dette er interessant.
02.01.2014
Godt nyttår!
Litt informasjon: Dei som ynskjer å bruke anlegget, men som ikkje skal stå oppstalla må ta kontakt med Eirill for registrering. Baneleige/ treningsavgift for anlegget vert kr 3000 pr. år, evt. 120 kr pr. gong.
Gå og inn på denne linken for å oppdatere deg om du skal ut å starte stevner i 2014
http://www.rytter.no/OmNRYF/Nyheter/tabid/78/ID/3288/Konkurransesesongen-2014-Diverse-informasjon.aspx
Godt nyttår!
Litt informasjon: Dei som ynskjer å bruke anlegget, men som ikkje skal stå oppstalla må ta kontakt med Eirill for registrering. Baneleige/ treningsavgift for anlegget vert kr 3000 pr. år, evt. 120 kr pr. gong.
Gå og inn på denne linken for å oppdatere deg om du skal ut å starte stevner i 2014
http://www.rytter.no/OmNRYF/Nyheter/tabid/78/ID/3288/Konkurransesesongen-2014-Diverse-informasjon.aspx
03.01.14
DUGNADAR
Det har vore kjempegod innsats alle dagar det har vore dugnad. No er eine sida der det skal vera stallar ferdig isolert, kledd med plastplankar og boksane er komne opp.
Håpar på godt oppmøte denne helga òg! Det er veldig kjekt og sosialt å jobbe på dugnad så møt opp folkens:)
Framover har me satt opp desse datoane til dugnadsarbeid. Sjå gjerne facebook sida for oppdateringar og informasjon fortløpande.
Laurdag 18.01.14 kl 13-17
Søndag 19.01.14 kl 13-17
DUGNADAR
Det har vore kjempegod innsats alle dagar det har vore dugnad. No er eine sida der det skal vera stallar ferdig isolert, kledd med plastplankar og boksane er komne opp.
Håpar på godt oppmøte denne helga òg! Det er veldig kjekt og sosialt å jobbe på dugnad så møt opp folkens:)
Framover har me satt opp desse datoane til dugnadsarbeid. Sjå gjerne facebook sida for oppdateringar og informasjon fortløpande.
Laurdag 18.01.14 kl 13-17
Søndag 19.01.14 kl 13-17