Hestane våre
Me kan tilby eit utval av ulike hestar som vil gå i rideskulen. Dei er av mange ulike rasar, så her er det hestar som passar dei fleste, både små og store.
Det vil også være mogleg for dei meir vidarekomne elevane i i rideskulen å få ein av rideskulehestane på halvfor. Då vil eleven ha ansvaret for hesten dei dagane den ikkje går i skulen, og kan ri hesten sjølve. For meir informasjon, send mail til [email protected]

|
e
Her er ein kort presentasjon av hestane i rideskulen Calana er ei dansk varmblodshoppe som rideskulen eig. Me henta ho frå Danmark hausten 2015. Ho er veldig snill og vert nytta av ryttarar på alle nivå sjølv om ho er litt stor. Penny er og rideskulen sin. Ho er ein tysk sportsponni som me henta frå Arendal hausten 2015. Ho har tidlegare gått høge klassar i sprang, men fungerar fint i dressur og. Ho har eit hjarta av gull og elskar å få kos og ein godbit. Ho blir brukt av ryttarar på alle nivå. Birk er ein Welch Mountain ponni som rideskulen eig. Han er ein vaksen ponni på 17 år som er veldig snill og kjekk. Han kom frå Bjoa. Monster er ein irsk vallak på 14 år som er privateigd, som me lånar 2 dagar i veka.Han er veldig stor, men likevel ein snill og fornuftig kar som trives godt med både store og små ryttarar på ryggen. Han har tidlegare starta høge klassar i sprang. Rambo er ein kjekk nordlandshest som me har på for. Han har vore innom rideskulen i fleire periodar. Ein kjekk og grei type. |