Me starta opp rideskule i mars 2014. Me kan tilby eit utval av ridekurs, både for nybegynnarar og vidarekomne. Me fokuserar på grunnleggjande rideopplæring, men og handtering av hesten og utstyret ein brukar når ein rir. På denne måten får elevane og litt innsikt i hestehold ved sida av ridinga. Rideskulen går på ettermiddagar mandag, tirsdag og torsdag. Ein må vera medlem i rideklubben for å delta på kurs. Utstyr: -Rideskulen har hjelmar i ulik storleik. -Me har og eit utval av sikkerhetsvestar. -Elevane må ha på seg sko med hel, og utan snøring. -Det er lurt å ei elastisk og komfortabel bukse. -Om vinteren er det å anbefale varme klede og hanskar. Litt om dei ulike kursa våre: Kurs for nybegynnerar: Målet er her å lære det grunnleggjande i ridning. Her vil du først lære å gjera hesten klar til ridetimen og deretter å styre hesten i skritt og trav i ridebanen, enten ute eller inne. Terrengridning kun med leder. Kurs for vidarekomne/øved: Dette er for deg som har litt erfaring fra tidlegare. Målet er å læra rytteren både skritt, trav og galopp. Terrengridning kun med leder.Mot slutten av kurset vil elevane læra meir om sprangridning og dei får prøve seg på bommar og små hinder dersom dei er klare for dette. Vaksenkurs/Sprangkurs: Rytteren skal minst ha gått på kurs for øvede eller tilsvarande for å kunne delta på sprangkurs. Det er til ei kvar tid opp til klubben sin rideinstruktør å vurdere rytteren sin rideferdighet for å kunne delta. For påmelding: send mail til [email protected] |
Christine Sæle er ansvarleg for rideskulen og har undervisning mandag, tirsdag og torsdag.
Epost: [email protected] Christine: 99389080 NYE RIDEKURS STARTAR ca. kvar 10. veke. Pris pr. kurs er kr. 190,- pr time som er på 45 min., og kvart kurs går over 10 timar= 1900,- Me gir 10% søskenrabatt. Ridekursa følgjer skuleruta. Fråvær er den enkelte deltaker sitt ansvar. Alle som deltar på ridekurs må betale medlemskap i Stord Hestesportlag. Medlemskap 2016 Betal inn beløpet som passar det medlemskapet de velger. Betal til bankkonto 1503.42.97271. Mulige medlemskap er: - Medlemskap med Hestesport – senior ( over 18 år) kr 400,- - Medlemskap med Hestesport – junior (under 18 år) kr 300,- - Familiemedlemskap med Hestesport kr 550,- Merk med Medlemskap 2016 + navn på medlem. Send og ein e-post til [email protected] med navn og fødselsdato. Dersom de vel familiemedlemskap: skriv navn og fødselsdato til alle i e-posten. |